
Desse får KOROs masterstipend i 2022
Det er nå klart kven som får KOROs nyoppretta masterstipend for studentar som ønsker å skrive om problemstillingar kunsten møter i offentlege rom.
Av dei tolv studentane som søkte, er nå fire valt ut. Kvar student får eit stipend frå KORO på 50 000 kroner.
– Dei fire studentane som får stipend i år, leverte alle sterke søknader med problemstillingar som er relevante og nyskapande for fagfeltet, seier juryleiar og seniorkurator i KORO Trude Schjelderup Iversen.
Kunsten som blir oppført i offentlege rom, angår mange og når ut til store befolkningsgrupper. Gjennom opprettinga av fire masterstipend ønsker KORO å stimulere til akademisk forsking.
– Slik vil vi styrke samtalen om denne kunsten, seier Schjelderup Iversen, som er glad for at så mange søkte. – Dei tolv søknadene stadfestar at det er interesse frå mange relevante fagfelt for å skrive om og forske på problemstillingar kunsten møter når den blir oppført og finn stad i offentlege rom.
Saman med jurymedlemmene Satiness Eisele (KORO), Marte Danielsen Jølbo (KORO) og Kjetil Fallan (Kunsthistorie, Universitetet i Oslo) vurderte Schjelderup Iversen studentar frå fagmiljø over heile landet.
Desse har fått stipend:
Emilie Netskarer masterstudent ved Norges miljø-og biovitskaplege universitet, Fakultet for Landskap og samfunn, Institutt for Landskapsarkitektur. Ho skal skrive om kva for funksjonar eller verknader kunst har i landskapet.
Ingrid Skard Skomedaler utdanna konservator og tar ein vidareutdanningsmaster i arkitekturvern ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Ho er interessert i bevaring og gjenbruk av kunst i offentlege rom og ønsker å belyse problemstillingar knytt til kva som blir lagt vekt på i verneplanar og verdivurderingar, særleg ved endring av bruk av eller eigarforhold til bygningar.
Mariell Sjåstad Sørhauger masterstudent i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Ho skal skrive om muralmåleriteknikken buon frescoog bruken av denne teknikken i norsk offentleg utsmykking. Ho tar utgangspunkt i den monumentale fresken En blå stasjon(2016) av Sverre Wyller (f. 1953) på Løren T-banestasjon i Oslo.
Trond Erik Olsener masterstudent i visuell kultur ved Københavns Universitet. I lys av framveksten av Internet artønsker Olsen å utfordre kva vi tenker om kunstens rolle som offentleg verk når den eksisterer virtuelt/ikkje-materielt. Korleis kan digital og ikkje-materiell kunst tenkast som ein del av ei kunstverd som utfordrar forståinga av kva offentlege rom kan vere?
Dette er KOROS masterstipend
- Fire stipend à 50 000 kroner utbetalt i to rundar. Den første halvparten blir utbetalt når studenten er vald ut, den andre halvparten når masteroppgåva er innlevert og godkjend ved lærestaden til studenten.
- Tilgang til KOROs arkiv.
- Tilgang til rådgiving og samtaler med relevante fagpersonar i KORO. Etter avtale med lærestaden til studenten kan KORO bidra med ein birettleiarfunksjon.
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.