Kunstnarkollektivet GRAS produserte politiske silketrykk i eit fellesverksted i Oslo tidleg på 1970-talet, og såg det som ei sentral målsetjing å nå ut til eit publikum utanfor galleriverda. For å oppfylle denne ambisjonen distribuerte dei kunsten sin ut til folket ved å trykke opp ei mengde plakatar av kvart trykk. Ikkje minst fekk dette betydning for dei mest politiske bileta, med adresse til EEC(EU)-kampen og mot USA si krigføring i Vietnam.
Victor Lind sin krasse kommentar til Vietnamkrigen, Tonnage of Bombs, er eit eksempel på korleis GRAS-gruppa sin strategi. Dei talande talla på USA si opptrapping av bombinga legg seg over eit barneandlet, og teiknar bestialitetens forteljingar innanfor terroren sin kronologi.