
Vi søkjer utvalsmedlemmer
Vil du vere med å vurdere kva kunstprosjekt som skal få støtte frå KORO si prosjektstøtteordning LOK? Vi søkjer fire nye utvalsmedlemmer som skal vere med på å fordele midlane i 2025.
Formålet til KORO si prosjektstøtteordning for kunst i offentlege rom – Lokalsamfunnsordninga– er å stimulere til produksjon og formidling av kunstprosjekt i offentlege rom og bidra til utvikling innan fagfeltet lokalt og regionalt.
Oppdraget består i å vurdere søknader og utarbeide ei grunngjeven innstilling i samarbeid med fagpersonar frå KORO sin kunstseksjon. Arbeidsmengda er estimert til omlag to arbeidsveker pr. år. Størstedelen av arbeidet skjer i februar/mars.
I samansetninga av utvalet blir det lagt vekt på at kunnskapen til medlemmene til saman representerer eit mangfald av kompetanse innan fagfeltet kunst i offentlege rom. Medlemmene i utvalet må vere godt orienterte om nasjonal og internasjonal samtidskunst. Det er ein fordel (ei føremon) om søkjarane har erfaring med produksjon av kunst i offentlege rom og/eller arbeid med kunst i stadutviklingsprosessar.
Kort motivasjonstekst og CV skal sendast til post@koro-multisite.dev09.dekodes.noinnan 22. november 2024.
KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.